mandag 20. mai 2013

Andorra + Gran Canaria = mykje logistikk, lite pengar og heimlengsel.

Heldigvis er det medan ein ikkje bloggar, at ting skjer.
Etter Vm var eg relativt gira på ski, og i min iver kjørte eg på med World Cup i Andorra, sidan det var litt sånn på veg til Gran Canaria, og dit skulle eg jo uansett for å sykle.
I reisefølget var Malene, Svensken og eg. Starten på turen blei vel gjerne litt talande for heile reisa.
Mitt fly gjekk 06.25 frå Oslo, og Malene sitt gjekk omtrent samtidig frå Bergen. På veg til gardermoen sende eg iveg ein sms, litt for å forsikre meg om at alt gjekk som det skulle.. Den fekk eg ikkje svar på, før telefonen begynte å ringe då eg hadde sett meg til rette på flyet. Sidan eg såg det var Malene måtte eg svare.
"EG REKK IKKJE FLYET".
Kva i alle dager?! Her er gode råd dyre.
Eg gav mitt aller beste råd: "Du må GRINE deg inn!! Grin for alt det er verdt!" Eg kryssa fingrane for at det skulle sitte ein mann i skranken. Det gjorde sjølvsagt ikkje, og frøken Haukøy måtte vrenge pengboka og skaffe nye billettar

Alle med litt empati vil vel gjere alt i si makt for å få dette søte surrehovudet inn på flyet i siste liten?! Tydlegvis ikkje...

Då eg kom fram, var sjølvsagt ikkje min koffert der, og dei visste heller ikkje kvar han kunne befinne seg. Ikkje anna å gjere enn å hente bilen eg hadde leigd. For å få fatt i bilen måtte eg ta minibuss i nokre mil. Bilen var forøvrig skodd med slicks. Litt drit det, sidan vi skulle på ski. På spørsmål om kvar vi skal, seier eg sjølvsagt at vi berre skal kjøre rundt omkring, og prøver å ikkje røpe at eg skal til Andorra, som vil være eit stort tillegg i prisen, så der har vi sjølvsagt inga forsikring. Etter dette er det berre å hente svensken, og reise på byferie for ein dag, medan vi ventar på Malene.


Andre viser at han er Mann!

Det var vel ikkje førstevalget, men det blei uansett ein fin feriedag i storbyen Barchelona
Når siste tilskot til gruppa kjem dreg vi vidare, utan kofferten min.
Vi hadde jo planlagt to fulle dagar til å sjå på løypene og ta livet med ro, men den gang ei.
På ski utan sko og bekledning går jo ikkje. Torsdagsmorgon er det berre å finne seg nye skisko, og det går forsåvidt kjapt. Heldigvis var mine ski med Malene, og skorne passar nesten godt i bindingen. Humpar oss opp til løypa i bilen med slicks. Ser litt på løypa, før vi fer ned att, og saumfarer byen for det eg treng av utstyr. Sidan eg er litt kviasam med pengebruk, går eg ikkje til innkjøp, men vil vente til siste liten. 
Fredag begynner det å haste, men vi reiser eit tur på ski, før handleturen startar til gangs.
Heldivis har eg to kumpaner i jakta på alskens, og til alt overmål begynner vi og å handle vanlege spaserklede alle saman. 
Eg har vorte heilt vill, og kjøper mi første levisbukse, men den sett eg att i ein butikk, og ein grisk Andorrianar får klørne i broka før eg oppdagar at ho er vekke. 

Vi er litt triste fordi bilen går så sakte i oppoverbakke, i tillegg til at han ristar å humpar ein del.
Vi spør Tyskebataljonen om vi kan sitte på med dei, for dei har stor bil. Det kan vi ikkje, så vi fyller olje, der det skal være olje, heldigvis, for der var det ikkje noko. Utpå kvelden seier Tyskarane at vi kan få sitte på opp til konkuransane likevel og vi blir alle tre glade for litt medgang. I mi framsyntheit har eg faktisk kjøpt med meg snus, som bestikkelsar, om det skulle trengs. Driten er at dei ikkje snusar.
Når vi så kjem inn etter eit velfortjent måltid, etter ein strevsom shoppingdag, står fader meg den helvetes kofferten min der, inne på rommet, utan forvarsel, i all si prakt, heilt aldeles stappande full. 
Eg har handla utstyr for 15000 kr. Faen.

Laurdag, første konkuranse. Vertikal. Under midta på resultatlista. Uvant med høgde, men det visste eg jo om. Litt sliten i shoppingføtene. 
Tilbake i byen er det berre å prøve å returnere litt varer, men eg har kasta det meste av emballasje. 
Ligg våken om natta, og tenkjer på pengane mine, som eg ikkje lenger har. 
Neste dag er det individuell, og eg kjenner på kroppen frå frokost av, at det er ein dårleg dag. Trøtt, og vil heller sove enn å konkurere. Kort oppsummert hadde eg tidenes dårlegaste dag, og resultatet likeeins. Nok om det.

Feira min dårlege prestasjon, Tyskaranes gode prestasjonar, og ein 20 års dag, med gin og drikkeleik, og etter å ha slått bursdagsbarnet i håndbak og avslørt at eg er akkurat like tung som han, hjelper det ikkje ikke med unnskydninga "I am a girl! I cant`t drink as much as you guys!".

Frøken Haukøy har eit grytidleg fly, så vi må kaste inn håndkleet i 2-3 tida, for å komme oss avgarde før 4. Ho har i følge seg sjølv holdt seg edru, og er sjåfør. Vi blir likevel litt usikre, når ho i ein av dei mange bompasseringane pressar bompengane inn i kort-sprekka, og lurer på kvifor i helvete ikkje bommen opnar seg.

Vel framme på flyplassen ventar mange timar på ubehagelege benkar, før eg kryp inn på flyet til GC...

Gran Canaria kan oppsummerast ganske kort. Mange timar på sykkelsete, kjekke folk, tidleg i seng,   halvseint opp, og heimlengsel når heimreisa nærmar seg.




Triveleg grilling med Sognafedrene mine og mange andre frå fjern og nær
To av heltane i Sogn Ck tek ansvar for å servere perfekt grilla kjøt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar