tirsdag 25. september 2012

Søndagsandejakt

Det var på sin plass med litt restitusjonsjakt på søndag. Vi sjekka tre faste "spots" men såg ingen ender i første omgang. Torkil meiner dei stort sett et i skuggen, og på andre runde så fann vi riktignok ei and i skuggen. Eg stilte med mitt skarpe ørneblikk, og var dagens kikkar. Slo frå meg tilbod om å skyte, og det var gjerne riktig vurdering. Førte iallefall til at ei and blei skoten.
Posering med gevær, utruleg kor komfortabel eg er med våpenet etter 9 år med jegerprøve...

Her gjeld det å sikte godt.

For da kan det være du får middag, på tirsdag.
Det blei altså fangst, og anda skal etast til middag idag, sjølv om det var litt trist at ho måtte dø.

mandag 24. september 2012

Rallarvegen t/r

Laurdagen blei brukt på rallarvegen, frå Flåm til Haugastøl, og tilbake. Fin tur, dog litt kaldt :) men heldigvis var det SOL, SOL, SOL.. 



Snart klar til avgang frå Flåm. Erik leitar febrilsk etter hjelmen sin....

Fint med ein pause, Geir er sjølvsagt i ferd med å klikke seg inn, så han skal være  heilt klar på  kvar start.

Kulden er i ferd meg å sette inn, og snøen har lagt seg i høgda.

Det ligg faktisk ein del snø, men vi møter likevel mange tøffingar både uten hjelm lue og hanskar.  

Geir fiksar giret, men det var aldeles forgjeves for  hans del..

Men for min del blei det ein varme/kaffelattepause på finse.

16 mil på terrengsykkel, var visst nok for meg den dagen.

Sesongens første...

Skitur.
Fredag 21. september var det duka for første tur på ski. Intiativtakar Kristina kom å henta meg på åberget kl. 07.30, og det bars avgarde til Sognefjellet.
Vi reiste sjølvsagt med sommardekk, så den største spenninga var vel helst knytta til bilturen, ikkje skituren, men det gjekk åpenbart fint.
Det gjekk an å gå på ski frå bilen, men bruk helst ski som tåler ei ripe eller 10.

Kristina viser årets ubestridelege hippaste brillemote, kombinert med flott  mach/mismach til t-skjorta.

Skal berre feste sekken og putte handa litt betre inn i votten, så er alt klart for  avgang.
Turen var heilt på det jamne, samanlikna med septemberskitur på nysnø.
På tur ut att møtte vi sjølvsagt ikkje mindre enn sju andre som hadde fått samme ide.
Ikkje usannsynleg at dette var første og einaste førstespor i 8 mils omkrets frå Sogndal for min del denne sesongen. Nista låg sjølvsagt att på kjøkkenet, så mat på den "nye kulturhuskantina" på campus var spesielt velsmakande.

Sogndal enduro-orientering

Ikkje særleg flink til å oppdatere etterkvart, for dette skjedde søndag 16. september.
Det var vel heller ikkje ei oppsiktsvekkande hending, men eg tok opptil fleire bilde utan særleg action. 
Ovanfor kan vi sjå ein spent gjeng som ventar på start.
Dei fleste er og blide etter at enduoren er over :)

torsdag 13. september 2012

Nytt kamera, alternativ trening.

Kjøpte nytt kamera igår. Lilla i fargen :)
Vore dårleg att etter ei hard helg, så alternativ treninga har vore tingen.
Her på spasertur til hammartoppen.
Ser at det er lite nyheter i denne blogge foreløbig, men kan avsløre at eg trur at fleste bøndene i Sunndalsområdet har fått inn kornet, etter mandagens varme vær.

NC 5 Landeveg 9. september

Kom fram 00.30 på hotellet i Halden, ganske langt unna restituert. Citroen Berlingo er ingen bil å sove i, sjølv for korte. Trappene ned til rommet var ei utfordring i seg sjølv og eg måtte legge meg svolten fordi eg ikkje orka å ete. Sannsynlegvis litt feil opplading for gode resultat, kanskje spesielt etter dagr med sjukdom.
Frokost 8 og så pakkings før vi reiste til start, der blei det plutseleg travelt, og eg rakk såvidt å varme opp i 7-8 min. Følte meg ikkje så verst i 1. runde, og dreiv no på som eg brukar med litt støting og styring, men ikkje noko var bra nok. Prøvde på 2. runde å være litt lurare enn kva eg brukar, men det hjalp ikkje. Føtene virka ikkje i spurten (som var i ein bakke, ville ellers passa meg bra), gira både opp og ned, men responsen frå beina var like dårleg uansett. Endte på ein skuffande 8. plass.
 Godt humør i ny drakt før start.
Kort oppsummert var helga slik: 20 timar + i bil 6 timar på sykkel 6 timar søvn og litt mat innimellom. Litt vel hektisk til tider. Takk til den gode 1mannstroppen eg hadde i støtteapparatet, som trossa verkande operasjonssår i ankelen for å hjelpe!

NC 5 terreng marathon laurdag 8. september

Etter tre dagars ufrivillig kvile var det duka for skarverittet på Hol/Geilo laurdag.
Rittet er 85 km. startar på Hol og ender på Geilo.
Eg bytta sjølvsagt kjede onsdagen før, men ikkje kassett, trengte ikkje det.. Trudde eg..Giret både rapa og hikka,og det var altfor seint å gjere noko med det.
Då starten gjekk 13.30 for NC var vi fort ei lita gruppe.
Vi var til å begynne med 5, både eg Mari og Hanne Trønnes var bland dei 5 og vi samarbeidde godt for å komme oss lenger fram. I første oppoverbakke av betydning var det plutseleg kun eg og Mari. Vi kunne til tider sjå nokon foran oss, men klarte ikkje sykle dei inn. Etterkvart tok ein av gutane vi sykla med tidlegare i rittet oss att, og vi tre sykla vel halve rittet ilag. Etter kikut første gong var det heldigvis ei nedkjøring der det gjekk an å hente seg inn, men jammen meg var det ikkje ei ny stigning rett etter dette. Fekk fortalt at det er 1900 høgdemeter (?!?!) på dette rittet, ajajaj! Vi tre som sykla ilag var skjønt einige om at dette var  vel mykje. Flata ut med eit terrengparti på toppen, eit fint parti i mine auge, der eg kunne dra litt ifrå. Visste jo at vi skulle enda ein gong opp på kikut og at Mari er aldeles ramm på oppoverbakkar, så eg hadde lyst å ha eit forsprang før denne bakken på ny. Fram til neste runde på kikut var det motvind frå alle kantar, og eg tykte det var litt tungt. Mista kjeda på 2. runde til kikut og fekk sjølvsagt auge på Mari når eg såg meg bak, kasta meg på sykkelen å nisykla oppover resten av bakken med hjartet i halsen (som i resten av rittet) før det tippa nedover att på toppen av heisen. Deretter var det å bite tennene saman og ta fatt på 5 km. motvind, og 5 km. medvind, dei siste der med medvind var relativt etterlengta. Resultatet blei 3.plass med 800kr. og middag til premie. Middagen kom godt med då vi skulle kjøre vidare til Halden for NC landeveg neste dag. Og då vi fekk både Borghild og Lars Ragnar sin mat, kunne også støtteapparatet få noko å ete før bilturen :)

 Bilde: Geir Egil Johannesen

torsdag 6. september 2012

Testing,testing 1-2-1-2-1-2

Som den tidsriktige unge sportaren eg er, har eg no starta med blogg. 
Og i forbindelse med dårleg hals dei siste dagane har eg funne ut korleis. 
Sidan det denne helga er avslutning i Noregscup terreng marathon på laurdag og Noregscup landeveg på søndag passar det sjølvsagt svært dårleg med ei innsnevring i halsen...  
Plana er iallefall å suse avgarde over fjellet til Geilo i morgon tidleg, om forma tilseier det, sjølv om eg mistenkjer at eg reiser uansett. Håpet er iallefall at eg skal blomstre opp i løpet av natta og sprudle over av motivasjon innan dagen gryr i morgon tidleg.