torsdag 13. september 2012

NC 5 Landeveg 9. september

Kom fram 00.30 på hotellet i Halden, ganske langt unna restituert. Citroen Berlingo er ingen bil å sove i, sjølv for korte. Trappene ned til rommet var ei utfordring i seg sjølv og eg måtte legge meg svolten fordi eg ikkje orka å ete. Sannsynlegvis litt feil opplading for gode resultat, kanskje spesielt etter dagr med sjukdom.
Frokost 8 og så pakkings før vi reiste til start, der blei det plutseleg travelt, og eg rakk såvidt å varme opp i 7-8 min. Følte meg ikkje så verst i 1. runde, og dreiv no på som eg brukar med litt støting og styring, men ikkje noko var bra nok. Prøvde på 2. runde å være litt lurare enn kva eg brukar, men det hjalp ikkje. Føtene virka ikkje i spurten (som var i ein bakke, ville ellers passa meg bra), gira både opp og ned, men responsen frå beina var like dårleg uansett. Endte på ein skuffande 8. plass.
 Godt humør i ny drakt før start.
Kort oppsummert var helga slik: 20 timar + i bil 6 timar på sykkel 6 timar søvn og litt mat innimellom. Litt vel hektisk til tider. Takk til den gode 1mannstroppen eg hadde i støtteapparatet, som trossa verkande operasjonssår i ankelen for å hjelpe!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar