tirsdag 27. november 2012

Aktuell rapport frå Gran Canaria

Etter 11 dagar i varmare strøk begynner det å bli ein god vane med kort/kort, solkrem og stor niste på baklomma. No er det berre 3 dagar att på sykkelen, triste greier, men heldigvis har eg ein mellomstopp i København på veg heim.


Her på paradise hotel har det vore mykje action, mest uteom syklinga, her har folk sjekka både inn og ut i løpet av få dagar... men nok om det, dette er jo ein mosjonsblogg. Øktene her nede har variert i lengde, frå 2,5 timar til 6,5 timar. Har kanskje vorte litt vel mange timar, men så lenge det føles bra er det jo kjekt. Kveldane har stort sett vorte brukt på mat og sosialisering. Eit stort pluss at Kjetil og Ragnhild Melheim også viste seg å være her nede, så vi har fått oss nokon gode måltid saman med desse to i tillegg til den sjarmerande dattera Astrid, som alltid har eit smil på lur. Forresten er smilet kanskje ikkje berre på lur, ho har eit smil til alle og einkvar, til (nesten) eikvar tid. 



Middag med to Ingridar , ekteparet Melheim, Bjørn og Kenneth  i  huset til sistnevne , kor vi bur.


Eg og ferievenninna mi Astrid kosar oss etter restaurantbesøk.

Opptanking og matpause på langtur i San Nicolas

Beinluftings og saftposepause før Artenara. God og varm i toppen her . Bjørn var heldig med  sin første dag, då det var vår lengste tur så langt, godt med litt mat da.

Restitusjon og avkjøling etter 6,5 timar på sykkelsetet :) fint med basseng i hagen.
Etter 8 dagar, og knappe 40 timar på setet var det på høg tid med ein pausedag for min del. Dagen gjekk med til spasering, der eg fekk helst på minst 80 % av Puerto Ricos norske pensjonistar :) Etter spaserturen var dei andre tilbake og vi fekk bada oss litt i sjøen. 

Fint vær, fin veg.
På dagens økt var det meininga å kjøre oppom toppen og være ute i omlag 5 timar, men når vi såg skyansamlinga der oppe utgjekk den plana og mi økt blei iallefall ikkje meir enn 3,5 timar.. eg tenkjer eigentleg at det var like greit, etter gårsdagens intervalløkt. 

Da er det berre å bruke dei siste 2 sykkeldagane godt, slik at eg er opplagt til  julegåvehandel, sladder, kafebesøk og tivoli i København saman med Søster og Sambuar.

tirsdag 20. november 2012

Ikkje min favoritt...

På gårsdagens runde fekk eg meg ein lite behageleg overraskelse, ein rasteplass der alle kjekke ting er forbode..

fredag 9. november 2012

Oktober



Den store alternativmånaden. Alternativ trening og jobbings.

Mykje spasering og litt slosting. No er det november, men eg har eigentleg ikkje komme så mykje lenger likevel..

Eitt nytt innlegg, om noko gamalt. NC avsluting i skien

Noregscupavsluting i skien/m påfølgande bankett..
Bakkeritt fredag kveld: gjekk greitt eit stykke, så blei det vondt i vilja, endte på 7? Ville ikkje sjekke iallfall...
jaja.

Laurdagen var siste ritt i Norgescupen, ganke kort 66 km. Var eigentleg ganske kjekt, og det skjedde meir enn det ofte brukar å gjere, for å gjere ei kort historie enda kortare endte eg på 3. plass. Følte det var fortjent, både oppover og nedover.
Blomster for 3. plassen pynta fint opp på rommet..

3. plassen sørga for at eg blei nr. 2 samanlagt i norgescupen, og eg seier meg eigentleg nøgd :)
For denne fekk 5000 kr. av sykkelforbundet, viss eg klarte å fylle inn på eit skjema nokre greier. Eg rota sjølvsagt bort dette før noko sånt blei aktuelt, og denne rundens studielåninnbetaling er enda skadelidane. Satsar på at det kjem noko lønn før det blir meir å betale, evt. at eg klarer å finne att det hersens arket.

Søndag gjekk turen til tønsberg og god mat og hyggeleg selskap med Tante Unni og Onkel Arild. Upåklageleg service som alltid.