tirsdag 27. november 2012

Aktuell rapport frå Gran Canaria

Etter 11 dagar i varmare strøk begynner det å bli ein god vane med kort/kort, solkrem og stor niste på baklomma. No er det berre 3 dagar att på sykkelen, triste greier, men heldigvis har eg ein mellomstopp i København på veg heim.


Her på paradise hotel har det vore mykje action, mest uteom syklinga, her har folk sjekka både inn og ut i løpet av få dagar... men nok om det, dette er jo ein mosjonsblogg. Øktene her nede har variert i lengde, frå 2,5 timar til 6,5 timar. Har kanskje vorte litt vel mange timar, men så lenge det føles bra er det jo kjekt. Kveldane har stort sett vorte brukt på mat og sosialisering. Eit stort pluss at Kjetil og Ragnhild Melheim også viste seg å være her nede, så vi har fått oss nokon gode måltid saman med desse to i tillegg til den sjarmerande dattera Astrid, som alltid har eit smil på lur. Forresten er smilet kanskje ikkje berre på lur, ho har eit smil til alle og einkvar, til (nesten) eikvar tid. 



Middag med to Ingridar , ekteparet Melheim, Bjørn og Kenneth  i  huset til sistnevne , kor vi bur.


Eg og ferievenninna mi Astrid kosar oss etter restaurantbesøk.

Opptanking og matpause på langtur i San Nicolas

Beinluftings og saftposepause før Artenara. God og varm i toppen her . Bjørn var heldig med  sin første dag, då det var vår lengste tur så langt, godt med litt mat da.

Restitusjon og avkjøling etter 6,5 timar på sykkelsetet :) fint med basseng i hagen.
Etter 8 dagar, og knappe 40 timar på setet var det på høg tid med ein pausedag for min del. Dagen gjekk med til spasering, der eg fekk helst på minst 80 % av Puerto Ricos norske pensjonistar :) Etter spaserturen var dei andre tilbake og vi fekk bada oss litt i sjøen. 

Fint vær, fin veg.
På dagens økt var det meininga å kjøre oppom toppen og være ute i omlag 5 timar, men når vi såg skyansamlinga der oppe utgjekk den plana og mi økt blei iallefall ikkje meir enn 3,5 timar.. eg tenkjer eigentleg at det var like greit, etter gårsdagens intervalløkt. 

Da er det berre å bruke dei siste 2 sykkeldagane godt, slik at eg er opplagt til  julegåvehandel, sladder, kafebesøk og tivoli i København saman med Søster og Sambuar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar