tirsdag 28. mai 2013

Vegen til Tromsø

Driv fortsatt å jobbar meg meir ovanpå i bloggen. Og for å få tidsmessig riktig rekkefølge dveler eg ved fortida.
Til påske var også vinteren kome til Møre og Romsdal.
Tore med godt driv i guideføtene sine. 


Glad og varm bikkje på tur

At det er godt med kos er det liten tvil om.



"Kan i ta dæn stanga her?" 




Fine utsikter også etter påske
"ka sa du no?"
Etter nesten tre veker på Gran Canaria var det utruleg flott å komme heim til skikkeleg påske.
Den nye kvikklunsj-reklamen var som ein heimlengselsforsterkar, og eg var sikker på at dei andre i turfølget og fekk klump i halsen av å sjå han der nede, men når eg gløtta diskre til høgre og venstre så var eg nok likevel den einaste. 
Til deg som ikkje har sett han:http://www.youtube.com/watch?v=zmxN971aTIE
Det må likevel seiast at eg fekk gjort det eg var der nede for å gjere, nemleg å sykle, og menge meg med andre som og skulle det.

Då det gjekk så dårleg i Andorra, bestemte eg meg for at det skulle gå langt bedre i Tromsø. Eg ville ha ein pallplass, og sidan eg er sjanselaus i lengda mot dei gode i individuell, måtte dette skje på sprinten. Mulig det var litt ambisiøst då eg har prøvd dette ein gong før.
Det gjekk nesten.. men eg endte på ein 4. plass. For å sleppe å utsette meg sjølv for unødig press spelte eit lite skodespel i forkant, der eg lata som om eg rekna med at det ikkje skulle gå spesielt bra, dette følte eg at eg drog i land. Men etter 4. plassen klarte eg altså ikkje å verke uberørt, og var såpass sur og irritert på meg sjølv at eg skjemdes litt i etterkant. Til alt overmål trynte eg i nedkjøringa, og der og då kunne eg ikkje skjønne kva som foregjekk,
for; EG TRYNER JO IKKJE!!
Her har Kjersti Solvoll Bakketun teke bilder. Det til venstre er nok frå semifinalen, og til høgre må være frå finalen, for der rakk eg aldri å få på meg brillene, og dette skulle i følge mi plan ha skjedd rett før denne svingen.
Det klør fortsatt i føtene av irritasjon.



mandag 20. mai 2013

Andorra + Gran Canaria = mykje logistikk, lite pengar og heimlengsel.

Heldigvis er det medan ein ikkje bloggar, at ting skjer.
Etter Vm var eg relativt gira på ski, og i min iver kjørte eg på med World Cup i Andorra, sidan det var litt sånn på veg til Gran Canaria, og dit skulle eg jo uansett for å sykle.
I reisefølget var Malene, Svensken og eg. Starten på turen blei vel gjerne litt talande for heile reisa.
Mitt fly gjekk 06.25 frå Oslo, og Malene sitt gjekk omtrent samtidig frå Bergen. På veg til gardermoen sende eg iveg ein sms, litt for å forsikre meg om at alt gjekk som det skulle.. Den fekk eg ikkje svar på, før telefonen begynte å ringe då eg hadde sett meg til rette på flyet. Sidan eg såg det var Malene måtte eg svare.
"EG REKK IKKJE FLYET".
Kva i alle dager?! Her er gode råd dyre.
Eg gav mitt aller beste råd: "Du må GRINE deg inn!! Grin for alt det er verdt!" Eg kryssa fingrane for at det skulle sitte ein mann i skranken. Det gjorde sjølvsagt ikkje, og frøken Haukøy måtte vrenge pengboka og skaffe nye billettar

Alle med litt empati vil vel gjere alt i si makt for å få dette søte surrehovudet inn på flyet i siste liten?! Tydlegvis ikkje...

Då eg kom fram, var sjølvsagt ikkje min koffert der, og dei visste heller ikkje kvar han kunne befinne seg. Ikkje anna å gjere enn å hente bilen eg hadde leigd. For å få fatt i bilen måtte eg ta minibuss i nokre mil. Bilen var forøvrig skodd med slicks. Litt drit det, sidan vi skulle på ski. På spørsmål om kvar vi skal, seier eg sjølvsagt at vi berre skal kjøre rundt omkring, og prøver å ikkje røpe at eg skal til Andorra, som vil være eit stort tillegg i prisen, så der har vi sjølvsagt inga forsikring. Etter dette er det berre å hente svensken, og reise på byferie for ein dag, medan vi ventar på Malene.


Andre viser at han er Mann!

Det var vel ikkje førstevalget, men det blei uansett ein fin feriedag i storbyen Barchelona
Når siste tilskot til gruppa kjem dreg vi vidare, utan kofferten min.
Vi hadde jo planlagt to fulle dagar til å sjå på løypene og ta livet med ro, men den gang ei.
På ski utan sko og bekledning går jo ikkje. Torsdagsmorgon er det berre å finne seg nye skisko, og det går forsåvidt kjapt. Heldigvis var mine ski med Malene, og skorne passar nesten godt i bindingen. Humpar oss opp til løypa i bilen med slicks. Ser litt på løypa, før vi fer ned att, og saumfarer byen for det eg treng av utstyr. Sidan eg er litt kviasam med pengebruk, går eg ikkje til innkjøp, men vil vente til siste liten. 
Fredag begynner det å haste, men vi reiser eit tur på ski, før handleturen startar til gangs.
Heldivis har eg to kumpaner i jakta på alskens, og til alt overmål begynner vi og å handle vanlege spaserklede alle saman. 
Eg har vorte heilt vill, og kjøper mi første levisbukse, men den sett eg att i ein butikk, og ein grisk Andorrianar får klørne i broka før eg oppdagar at ho er vekke. 

Vi er litt triste fordi bilen går så sakte i oppoverbakke, i tillegg til at han ristar å humpar ein del.
Vi spør Tyskebataljonen om vi kan sitte på med dei, for dei har stor bil. Det kan vi ikkje, så vi fyller olje, der det skal være olje, heldigvis, for der var det ikkje noko. Utpå kvelden seier Tyskarane at vi kan få sitte på opp til konkuransane likevel og vi blir alle tre glade for litt medgang. I mi framsyntheit har eg faktisk kjøpt med meg snus, som bestikkelsar, om det skulle trengs. Driten er at dei ikkje snusar.
Når vi så kjem inn etter eit velfortjent måltid, etter ein strevsom shoppingdag, står fader meg den helvetes kofferten min der, inne på rommet, utan forvarsel, i all si prakt, heilt aldeles stappande full. 
Eg har handla utstyr for 15000 kr. Faen.

Laurdag, første konkuranse. Vertikal. Under midta på resultatlista. Uvant med høgde, men det visste eg jo om. Litt sliten i shoppingføtene. 
Tilbake i byen er det berre å prøve å returnere litt varer, men eg har kasta det meste av emballasje. 
Ligg våken om natta, og tenkjer på pengane mine, som eg ikkje lenger har. 
Neste dag er det individuell, og eg kjenner på kroppen frå frokost av, at det er ein dårleg dag. Trøtt, og vil heller sove enn å konkurere. Kort oppsummert hadde eg tidenes dårlegaste dag, og resultatet likeeins. Nok om det.

Feira min dårlege prestasjon, Tyskaranes gode prestasjonar, og ein 20 års dag, med gin og drikkeleik, og etter å ha slått bursdagsbarnet i håndbak og avslørt at eg er akkurat like tung som han, hjelper det ikkje ikke med unnskydninga "I am a girl! I cant`t drink as much as you guys!".

Frøken Haukøy har eit grytidleg fly, så vi må kaste inn håndkleet i 2-3 tida, for å komme oss avgarde før 4. Ho har i følge seg sjølv holdt seg edru, og er sjåfør. Vi blir likevel litt usikre, når ho i ein av dei mange bompasseringane pressar bompengane inn i kort-sprekka, og lurer på kvifor i helvete ikkje bommen opnar seg.

Vel framme på flyplassen ventar mange timar på ubehagelege benkar, før eg kryp inn på flyet til GC...

Gran Canaria kan oppsummerast ganske kort. Mange timar på sykkelsete, kjekke folk, tidleg i seng,   halvseint opp, og heimlengsel når heimreisa nærmar seg.




Triveleg grilling med Sognafedrene mine og mange andre frå fjern og nær
To av heltane i Sogn Ck tek ansvar for å servere perfekt grilla kjøt.

tirsdag 26. februar 2013

Historia om VM frå ein ekte ferskis.


Innlegga kjem ikkje som perler på ei snor, men det er kanskje like så greitt. Var iallefall med på VM her for eit par veker tid sidan. Har skreve litt om korleis eg opplevde hendinga under her. Og så har eg lagt ved nokre bilde. Dei er alle teke av Kjersti Solvoll Bakketun, på nokre av bilda er det dog hennar andre halvdel, som dei seier (bedre eller værre er ikkje opp til meg å dømme), Olav Tronvoll, som har operert kameraet.

Blide etter målgang, på tross av at vi godt kunne tenkt oss å komme tidlegare i mål.


Lagkonkuranse: her demonstrert av Lars Erik og Nils, som valgte å gå med strikk mellom seg. Smart løysing, som gjer at begge kan slite seg aldeles ut. I bakgrunnen kan ein skimte nokre fjell.
VM i skimountaineering, eller randonee, som det heiter på godt norsk blei ei slitsom, men heilt fantastisk og kjempekjekk oppleving. Første konkuranse var forrige søndag, men sidan min makker Malene hadde mange og slitsomme treningstimar i høgda bak seg, blei dette ei relativt roleg oppleving, som den einaste i sitt slag denne veka. Turen varte mellom 2400-2600 høgdemeter (fått lære at det er ein del av gamet at antal høgdemeter aldri skal stemme overeins med det ein får opplyst). For meg som ikkje har høgdemålar på klokka er det heller ikkje det heilt store problemet, sliten blir ein uansett!!

På førehand hadde eg bestemt meg for å delta i tre av øvelsane, lag, individueell og stafett sidan eg har så lite erfaring frå før. Denne beslutninga valde eg å drite i, og blei då med på alle fem øvelsane, altså sprint og vertikal i tillegg.

Neste ut var sprinten… aldeles nytt for min del. Dette foregår litt på samme vis som i langrenn, bortsett ifrå at det ikkje er langrenn. Vakna med dundrande hovudpine, som ikkje blei særleg mykje betre utover dagen. På sprinten gjorde eg mitt beste, men det var langt frå godt nok, dessverre fikla eg altfor lenge med å få på meg skiene etter ski på sekk. Vekas nest lågaste snittpuls hadde eg i løpet av desse 4 minutta, og det seier vel gjerne sitt. Etter prologen var det slutt for min del, og eg testa ski i pudderet resten av dagen. Ikkje heilt mislukka det, når det har snødd 60 cm. Siste døgeret.

Etter dette fulgte ein kviledag med rekognosering og velfortent romkameratsmassasje for dei to romvennindene på rom nr. 9.

Onsdag var det duka for individuell konkuranse, og kort sagt var det min beste prestasjon på VM, beste Norske kvinne, og 21. plass. Strålande sol var det og. Ein god del av ære til Malene som pusta meg i nakken heile rennet, og ho sveitsiske som var dagens mål for meg, dessverre blei det litt vel langt opp etterkvart.

Torsdag var vertikalen, den konkuransen eg hadde minst tru på. Uten ei nedkjøring er eg fortapt. Vertikalen blei sagt å være 610 høgdemeter, men sidan han var flat (!?) blei det likevel meir enn langt nok. Etter 17 minutt tenkte eg at; dette kan umuleg ta meir enn 30 min. Etter 30 begynte eg å sjå etter mål. Rundt kvar ein sving. Etter om lag 37 min. var eg i mål.. På alle flatene sklei dei lenger og lenger vekk dei foran. Flaks at eg hadde niste med gamalost frå vik på toppen.

Fredag var siste øvelse, stafetten. Fekk sjølvsagt nokre ufrivillig lange pausar med fellebytte og div. Starta med å velge feil spor i starten, tok då det dårlege valget det var å drive å bytte spor i kvar sving for å komme foran, rimeleg utmattande geskjeft. Heldigvis ei kjekk, men kort nedkjøring før eg måtte på med fellane att. Med mi erfaring og dugg på brillene tok dette rimeleg lang tid, og når eg på neste feller av øydela glidelåsen og ikkje blei sluppe ut var den dårlege følelsen på max.

Det einaste som gjekk bra på stafetten var vel stort sett akkurat dette. Her får eg ei slags smaksprøve på noko eg lenge har lurt på korleis er:å kjøre ski på litt slagete føre med store puppar. (det var eigentleg ganske mjukt føre, og feller på innsida av dressen er jo ikkje heilt det same, men litt samme følelse kanskje..?) På lagkonkuransen drog eg puppevitsen for nokre vakter, og dei flirte. Nøgd med engelsk vitsing. Om enn litt enkel humor.
Neste, siste og lengste øvelse: Bankett. Gjekk ALL IN, ok uttelling. Det gjekk rett og slett ikkje å halde koken heilt oppe til the bitter end, og i eit kaldt boblebad med spanjolar og tyskarar merka eg at det begynte å tære kraftig på. 

Historia er ikkje heilt slutt enda, om enn ganske. Bilen skulle leverast, sjølv om det kosta berre 900 euro å stele han. Bilen som var på størrelse med ein elektrisk rullestol, måtte kjørast det remmer,tøy og hjul kunne halde då tida blei nokså knapp. Eg tok nemleg dyraste og nest lengste veg tilbake til Geneve. Det gjekk i 150 i nedoverbakkar og på flata med klampen i bånn. Var til tider redd der eg sat i den lille doningen. Sjølvsagt kom eg meg til den Sveitsiske sida , som var heilt feil. Norske stgge gloser,rop om hjelp og naudblink er stikkord som beskriv situasjonen godt. Kom for seint til Frans side, MEN DET GJORDE FLYET OG!!! HIPP HURRA! Og dermed kom eg meg heilskinna til Malaga for å sykle i 8 dagar. 
Eige rom og vaskemaskin på leiligheta gjorde dagen såå mykje lettare å bære



onsdag 12. desember 2012

Stikkordsform

Etter å ha skreve eit middels langt og middels bra innlegg igår, om dei siste dagane med trening på GC og minijuleferien i København, kom det ein firkant på skjermen om at nettet ikkje fungerte.
Denne fekk eg ikkje med mykje møye vekk, og sidan eg ikkje orkar å skrive alt opp att kjem dette innlegget til å bli i stikkordsform. Eg velger å gjere dett utan tegnet for fiss (#) foran, sjølv om eg har sett at dette er populært.

Intervall-soriadalen-6x6-Bjørn-Vis-Kjetil Melheim
Svak feber-slapp-2 timar sykling
fortsatt slapp-3 timar sykling
Fin form-flyreise-trege spanjolar-kald København-lillesøster
Laurdagsmorgonsvømmin-dårlig ide-julehandel-6 timar-2kaffe-1buffe-varm-kald-varm-kald
Julehandel-meir gåver-TIVOLI-ny stillongs-karusellar-julelys-dårleg middag
Spysjuk lillesøster-potte tett storesøster-frisk venninde-Christiania-forsinka fly-overnatting gardermoen
forsinka fly-ødlegt sykkelbag

Kan fittydent utrette underverker? 

Eit bilde seier meir enn 1000 ord

God mango, levert på døra!
Mykje fint å sjå på inne på tivoli

To spente jenter i inngangen på tivoli
God energi i form av varm te

Er det mogleg at vi nærmar oss Christiania?

Ja, så sanneleg. Og sjølvsagt følger vi reglane.

VELKOMMEN! ikkje vær redd...

Dette er altså den enkle versjonen av korleis desse dagane arta seg.



tirsdag 27. november 2012

Aktuell rapport frå Gran Canaria

Etter 11 dagar i varmare strøk begynner det å bli ein god vane med kort/kort, solkrem og stor niste på baklomma. No er det berre 3 dagar att på sykkelen, triste greier, men heldigvis har eg ein mellomstopp i København på veg heim.


Her på paradise hotel har det vore mykje action, mest uteom syklinga, her har folk sjekka både inn og ut i løpet av få dagar... men nok om det, dette er jo ein mosjonsblogg. Øktene her nede har variert i lengde, frå 2,5 timar til 6,5 timar. Har kanskje vorte litt vel mange timar, men så lenge det føles bra er det jo kjekt. Kveldane har stort sett vorte brukt på mat og sosialisering. Eit stort pluss at Kjetil og Ragnhild Melheim også viste seg å være her nede, så vi har fått oss nokon gode måltid saman med desse to i tillegg til den sjarmerande dattera Astrid, som alltid har eit smil på lur. Forresten er smilet kanskje ikkje berre på lur, ho har eit smil til alle og einkvar, til (nesten) eikvar tid. 



Middag med to Ingridar , ekteparet Melheim, Bjørn og Kenneth  i  huset til sistnevne , kor vi bur.


Eg og ferievenninna mi Astrid kosar oss etter restaurantbesøk.

Opptanking og matpause på langtur i San Nicolas

Beinluftings og saftposepause før Artenara. God og varm i toppen her . Bjørn var heldig med  sin første dag, då det var vår lengste tur så langt, godt med litt mat da.

Restitusjon og avkjøling etter 6,5 timar på sykkelsetet :) fint med basseng i hagen.
Etter 8 dagar, og knappe 40 timar på setet var det på høg tid med ein pausedag for min del. Dagen gjekk med til spasering, der eg fekk helst på minst 80 % av Puerto Ricos norske pensjonistar :) Etter spaserturen var dei andre tilbake og vi fekk bada oss litt i sjøen. 

Fint vær, fin veg.
På dagens økt var det meininga å kjøre oppom toppen og være ute i omlag 5 timar, men når vi såg skyansamlinga der oppe utgjekk den plana og mi økt blei iallefall ikkje meir enn 3,5 timar.. eg tenkjer eigentleg at det var like greit, etter gårsdagens intervalløkt. 

Da er det berre å bruke dei siste 2 sykkeldagane godt, slik at eg er opplagt til  julegåvehandel, sladder, kafebesøk og tivoli i København saman med Søster og Sambuar.

tirsdag 20. november 2012

Ikkje min favoritt...

På gårsdagens runde fekk eg meg ein lite behageleg overraskelse, ein rasteplass der alle kjekke ting er forbode..