tirsdag 26. februar 2013

Historia om VM frå ein ekte ferskis.


Innlegga kjem ikkje som perler på ei snor, men det er kanskje like så greitt. Var iallefall med på VM her for eit par veker tid sidan. Har skreve litt om korleis eg opplevde hendinga under her. Og så har eg lagt ved nokre bilde. Dei er alle teke av Kjersti Solvoll Bakketun, på nokre av bilda er det dog hennar andre halvdel, som dei seier (bedre eller værre er ikkje opp til meg å dømme), Olav Tronvoll, som har operert kameraet.

Blide etter målgang, på tross av at vi godt kunne tenkt oss å komme tidlegare i mål.


Lagkonkuranse: her demonstrert av Lars Erik og Nils, som valgte å gå med strikk mellom seg. Smart løysing, som gjer at begge kan slite seg aldeles ut. I bakgrunnen kan ein skimte nokre fjell.
VM i skimountaineering, eller randonee, som det heiter på godt norsk blei ei slitsom, men heilt fantastisk og kjempekjekk oppleving. Første konkuranse var forrige søndag, men sidan min makker Malene hadde mange og slitsomme treningstimar i høgda bak seg, blei dette ei relativt roleg oppleving, som den einaste i sitt slag denne veka. Turen varte mellom 2400-2600 høgdemeter (fått lære at det er ein del av gamet at antal høgdemeter aldri skal stemme overeins med det ein får opplyst). For meg som ikkje har høgdemålar på klokka er det heller ikkje det heilt store problemet, sliten blir ein uansett!!

På førehand hadde eg bestemt meg for å delta i tre av øvelsane, lag, individueell og stafett sidan eg har så lite erfaring frå før. Denne beslutninga valde eg å drite i, og blei då med på alle fem øvelsane, altså sprint og vertikal i tillegg.

Neste ut var sprinten… aldeles nytt for min del. Dette foregår litt på samme vis som i langrenn, bortsett ifrå at det ikkje er langrenn. Vakna med dundrande hovudpine, som ikkje blei særleg mykje betre utover dagen. På sprinten gjorde eg mitt beste, men det var langt frå godt nok, dessverre fikla eg altfor lenge med å få på meg skiene etter ski på sekk. Vekas nest lågaste snittpuls hadde eg i løpet av desse 4 minutta, og det seier vel gjerne sitt. Etter prologen var det slutt for min del, og eg testa ski i pudderet resten av dagen. Ikkje heilt mislukka det, når det har snødd 60 cm. Siste døgeret.

Etter dette fulgte ein kviledag med rekognosering og velfortent romkameratsmassasje for dei to romvennindene på rom nr. 9.

Onsdag var det duka for individuell konkuranse, og kort sagt var det min beste prestasjon på VM, beste Norske kvinne, og 21. plass. Strålande sol var det og. Ein god del av ære til Malene som pusta meg i nakken heile rennet, og ho sveitsiske som var dagens mål for meg, dessverre blei det litt vel langt opp etterkvart.

Torsdag var vertikalen, den konkuransen eg hadde minst tru på. Uten ei nedkjøring er eg fortapt. Vertikalen blei sagt å være 610 høgdemeter, men sidan han var flat (!?) blei det likevel meir enn langt nok. Etter 17 minutt tenkte eg at; dette kan umuleg ta meir enn 30 min. Etter 30 begynte eg å sjå etter mål. Rundt kvar ein sving. Etter om lag 37 min. var eg i mål.. På alle flatene sklei dei lenger og lenger vekk dei foran. Flaks at eg hadde niste med gamalost frå vik på toppen.

Fredag var siste øvelse, stafetten. Fekk sjølvsagt nokre ufrivillig lange pausar med fellebytte og div. Starta med å velge feil spor i starten, tok då det dårlege valget det var å drive å bytte spor i kvar sving for å komme foran, rimeleg utmattande geskjeft. Heldigvis ei kjekk, men kort nedkjøring før eg måtte på med fellane att. Med mi erfaring og dugg på brillene tok dette rimeleg lang tid, og når eg på neste feller av øydela glidelåsen og ikkje blei sluppe ut var den dårlege følelsen på max.

Det einaste som gjekk bra på stafetten var vel stort sett akkurat dette. Her får eg ei slags smaksprøve på noko eg lenge har lurt på korleis er:å kjøre ski på litt slagete føre med store puppar. (det var eigentleg ganske mjukt føre, og feller på innsida av dressen er jo ikkje heilt det same, men litt samme følelse kanskje..?) På lagkonkuransen drog eg puppevitsen for nokre vakter, og dei flirte. Nøgd med engelsk vitsing. Om enn litt enkel humor.
Neste, siste og lengste øvelse: Bankett. Gjekk ALL IN, ok uttelling. Det gjekk rett og slett ikkje å halde koken heilt oppe til the bitter end, og i eit kaldt boblebad med spanjolar og tyskarar merka eg at det begynte å tære kraftig på. 

Historia er ikkje heilt slutt enda, om enn ganske. Bilen skulle leverast, sjølv om det kosta berre 900 euro å stele han. Bilen som var på størrelse med ein elektrisk rullestol, måtte kjørast det remmer,tøy og hjul kunne halde då tida blei nokså knapp. Eg tok nemleg dyraste og nest lengste veg tilbake til Geneve. Det gjekk i 150 i nedoverbakkar og på flata med klampen i bånn. Var til tider redd der eg sat i den lille doningen. Sjølvsagt kom eg meg til den Sveitsiske sida , som var heilt feil. Norske stgge gloser,rop om hjelp og naudblink er stikkord som beskriv situasjonen godt. Kom for seint til Frans side, MEN DET GJORDE FLYET OG!!! HIPP HURRA! Og dermed kom eg meg heilskinna til Malaga for å sykle i 8 dagar. 
Eige rom og vaskemaskin på leiligheta gjorde dagen såå mykje lettare å bære