torsdag 13. september 2012

NC 5 terreng marathon laurdag 8. september

Etter tre dagars ufrivillig kvile var det duka for skarverittet på Hol/Geilo laurdag.
Rittet er 85 km. startar på Hol og ender på Geilo.
Eg bytta sjølvsagt kjede onsdagen før, men ikkje kassett, trengte ikkje det.. Trudde eg..Giret både rapa og hikka,og det var altfor seint å gjere noko med det.
Då starten gjekk 13.30 for NC var vi fort ei lita gruppe.
Vi var til å begynne med 5, både eg Mari og Hanne Trønnes var bland dei 5 og vi samarbeidde godt for å komme oss lenger fram. I første oppoverbakke av betydning var det plutseleg kun eg og Mari. Vi kunne til tider sjå nokon foran oss, men klarte ikkje sykle dei inn. Etterkvart tok ein av gutane vi sykla med tidlegare i rittet oss att, og vi tre sykla vel halve rittet ilag. Etter kikut første gong var det heldigvis ei nedkjøring der det gjekk an å hente seg inn, men jammen meg var det ikkje ei ny stigning rett etter dette. Fekk fortalt at det er 1900 høgdemeter (?!?!) på dette rittet, ajajaj! Vi tre som sykla ilag var skjønt einige om at dette var  vel mykje. Flata ut med eit terrengparti på toppen, eit fint parti i mine auge, der eg kunne dra litt ifrå. Visste jo at vi skulle enda ein gong opp på kikut og at Mari er aldeles ramm på oppoverbakkar, så eg hadde lyst å ha eit forsprang før denne bakken på ny. Fram til neste runde på kikut var det motvind frå alle kantar, og eg tykte det var litt tungt. Mista kjeda på 2. runde til kikut og fekk sjølvsagt auge på Mari når eg såg meg bak, kasta meg på sykkelen å nisykla oppover resten av bakken med hjartet i halsen (som i resten av rittet) før det tippa nedover att på toppen av heisen. Deretter var det å bite tennene saman og ta fatt på 5 km. motvind, og 5 km. medvind, dei siste der med medvind var relativt etterlengta. Resultatet blei 3.plass med 800kr. og middag til premie. Middagen kom godt med då vi skulle kjøre vidare til Halden for NC landeveg neste dag. Og då vi fekk både Borghild og Lars Ragnar sin mat, kunne også støtteapparatet få noko å ete før bilturen :)

 Bilde: Geir Egil Johannesen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar